onsdag 28. november 2012

No er det snart jul igjen :-)

PEPARKAKEBAKING!

Elevane har idag organisert peparkakebaking. Alle hadde med seg kvar sine ting og me hadde to koselege timar med julemusikk og  peparkakebaking.

 Humøret er på topp!!
 Julemusikk via Spotify
Svært god arbeidsinnsats






torsdag 8. november 2012

Administrativ sikring

Denne veka har elevane jobba med temaet "administrativ sikring" i tryggleikstimane. 
Her kjem bilder frå gruppearbeidet deira:

 Kristine og Alexandra gav oss ei innføring i korleis me burde sikre kontora/arb.plassane våre.

 Kaja og Sara intervjua ITansvarleg og gjorde greie for datatryggleiken på skulen vår!

 Maiken, Kjersti, Thea og Terje hadde eit rollespel med temaet resepsjonsteneste og besøkskontroll.
Dei hadde også laga eit besøksprotokollskjema.

Flinke elevar som jobbar godt i timane :-)

Feiring



Mandag og tysdag i veke 43 hadde me besøk av 10 elevar frå 10.klasse. Dei fekk vere med både 1. og 2. året på service og samferdsle. Me hadde både fellesfag og programfag på timeplanen.
Dei fekk også vere med på feiringa av 1.plassen på den internasjonale veka. Elevane hadde organisert og ordna med både pizza, brus og litt snop.




mandag 29. oktober 2012

INTERNASJONAL VEKE

Onsdag 24.oktober hadde me invitert til kulturgryte på skulen. Alle klassane skulle presentere kvart sitt land på best mogeleg måte. Klassane hadde gjort ein kjempejobb, og det var mange flotte standar i kantineområdet. Både lærarar og gjester var imponert over kreativiteten og engasjementet til elevane.
Gratulera så mykje til klassen som vann konkurransen og dermed vart 3000 kroner rikare :
2SSA, EGYPT!!
Strålande jobba! Heile klassen bidrog sterkt for å vinne denne konkurransen!! 

Her kjem nokre bilder frå kulturgryta:







Her er ein liten videosnutt frå opninga og innmasjen:


torsdag 4. oktober 2012

Haustferie

Blid gjeng dagen før haustferie og russetur!!!

Kos dykk masse, MEN gå aldri åleine og  PASS godt på kvarandre!! 
GOD TUR !!!

Helsing hønemor Vibeke :-)

Veke 40

Idag er elevane klare til å gjennomføre sine første jobbintervju.
Dette var svært god lærdom og dei var dyktige på begge sider av bordet :-)

 Sara er arbeidssøkar og blir intervjua av fire leiarar i Cubus :-)
Kjersti sin tur til å svare for seg :-)

Veke 37

Raftingoppgåve

Me har jobba med emnet risikoanalyse i nokre veker og no er elevane klare til eit lite gruppearbeid. Dei skal lage ein risikoanalyse på oppdrag frå ei raftingbedrift.

Her er heile gjengen i arbeidsmodus :-)

Truls og Sara i full gang med si oppgåve.
Terje og Kjersti jobbar godt saman.
Maiken og Thea er i gang med risikodiagrammet sitt.
Kaja og Alexandra er i full gang med analysen sin.
Kari Anne og Kristine jobbar godt saman.