mandag 29. oktober 2012

INTERNASJONAL VEKE

Onsdag 24.oktober hadde me invitert til kulturgryte på skulen. Alle klassane skulle presentere kvart sitt land på best mogeleg måte. Klassane hadde gjort ein kjempejobb, og det var mange flotte standar i kantineområdet. Både lærarar og gjester var imponert over kreativiteten og engasjementet til elevane.
Gratulera så mykje til klassen som vann konkurransen og dermed vart 3000 kroner rikare :
2SSA, EGYPT!!
Strålande jobba! Heile klassen bidrog sterkt for å vinne denne konkurransen!! 

Her kjem nokre bilder frå kulturgryta:







Her er ein liten videosnutt frå opninga og innmasjen:


torsdag 4. oktober 2012

Haustferie

Blid gjeng dagen før haustferie og russetur!!!

Kos dykk masse, MEN gå aldri åleine og  PASS godt på kvarandre!! 
GOD TUR !!!

Helsing hønemor Vibeke :-)

Veke 40

Idag er elevane klare til å gjennomføre sine første jobbintervju.
Dette var svært god lærdom og dei var dyktige på begge sider av bordet :-)

 Sara er arbeidssøkar og blir intervjua av fire leiarar i Cubus :-)
Kjersti sin tur til å svare for seg :-)

Veke 37

Raftingoppgåve

Me har jobba med emnet risikoanalyse i nokre veker og no er elevane klare til eit lite gruppearbeid. Dei skal lage ein risikoanalyse på oppdrag frå ei raftingbedrift.

Her er heile gjengen i arbeidsmodus :-)

Truls og Sara i full gang med si oppgåve.
Terje og Kjersti jobbar godt saman.
Maiken og Thea er i gang med risikodiagrammet sitt.
Kaja og Alexandra er i full gang med analysen sin.
Kari Anne og Kristine jobbar godt saman.

Velkommen!

Velkommen til 2SSA sin klasseblogg!